Harding er ein sider laga av dei flottaste epla fra Nes gard i Hardanger. Lange tradisjonar og kjærlighet til frukta gir grunnlag for eit eneståande produkt.
Kven er vi?
Harding sider starta opp i 2019 som ei tilleggsnæring til tradisjonell fruktdyrking for å auka verdiskapinga på garden og sikra levebrødet. I tillegg får ein utnytta alle gode eple som konsummarknaden ikkje vil ha. Alle epla er dyrka økologisk, og som ein av få siderprodusentar brukar eg kun mine eigne eple i produksjonen. Dette er med å sikrar den unike smaken og kvaliteten på Sider frå Hardanger.
Produkta våre
Så langt er det to produkt som er i salg, og eit som er i utprøvingsfasen.
Det viktigaste produktet er Sprudlande Harding som er eit godt alternativ til Prosecco eller annan musserande vin.
Stille Harding er ein smakfull sider utan tilsatt kolsyre. Dette gjer at den kan minna meir om ein kvitvin, men har også dei typiske smakane av sider og naturgjær med seg.
Kjørbar Harding er ein alkoholfri sider som enno er i utviklingsfasen. Den er berre tilgjengeleg i avgrensa mengder, og kun nokon få stader er denne i sal. I åra som kjem vert den tilgjengeleg i større mengder og med preg av ulike eplesortar.
Gardsutsalet er berre ope etter avtale eller i samband med gardsbesøk. I tillegg til sider kan me tilby fjorden sin finaste utsikt - heilt gratis.